Keller Geoteknikk banar nya vägar.

Läs mer nedan i saxat material publicerat 18/8 i Grenda.

 

Keller Geoteknikk

Geoteknikkselskap etablerer seg i Kvinnherad

I ei tid kor kvikkleireskredet på Gjerdrum er friskt i minne til dei fleste, kan det koma vel med at eit av verdas største fundamenteringsselskap etablerer seg med kontor i Rosendal og verkstad og lager på Sunde. Som Grenda skreiv i samband med at industriområdet til Maritim Eigedom skifta eigar, etablerer Keller Geoteknikk seg også på industriområdet. I tillegg er avdelinga for Vest-Norge i ferd med å etablera kontor i Rosendal.

– Det er mykje meir kalkstabilisering å gjera på Austlandet enn her vest. Me har no vore i to månader på Gjerdrum, og jobba med å stabilisera grunnen, slik at ein kan fylla opp at området der, fortel Morten Slåtta.

Satsing i vest

Han er nestkommanderande i den norske organisasjonen til Keller, og har tittelen prosjektdirektør knytt til namnet sitt. I alt er dei 10.000 tilsette i konsernet, og avdelinga Norge høyrer innunder har hovudkontor i Austerrike, og eit søsterselskap i Sverige. Slåtta gjekk inn i Keller i 2019, same år som dei etablerte seg i Norge, og kom inn med tanke på å satsa i vest.

– Eg er fødd på Notodden, men kom til Kvinnherad første gong som fireåring, då far min jobba på anlegget i Mauranger. Flytta vidare til Sunde, men flytta sjølv ut i 1994, fortel 54-åringen om seg sjølv.

Han har blant anna jobba ti år i AF-gruppen og sju år i tyske Bilfinger.

– Eg vart spurd om å bli med på oppstarten av Keller i Norge, noko eg fann spennande då eg tidlegare har jobba med å byggja vegar, bruer og tunnelar. Geoteknisk arbeid har ein leigt inn hos mine tidlegare arbeidsplassar. For oss no, er det satsing på arbeid i og ved sjø eit prioritert område, fortel Slåtta.

Til sjøsatsinga si har dei kjøpt to lekterar av Marine Contractors, som tidlegare høyrte til Eide-gruppa i Høylandsbygd.

– Me har modernisert lekterane, forsterka tankane og lagt betongdekke på dei, og alt dette gjort av BKS på Sunde. Me har handla lokalt, og håper å halda fram med det. Keller Group har ambisjonar om det på alle dei stadane dei er lokaliserte, seier han.

Laksefiske og kjærleik

Lekterane er akkurat no i bruk på understellet til ei ny bru ved Engeløya mellom Narvik og Bodø. Men kvifor etablera seg i Rosendal og på Sunde?

– Satsinga i vest handlar mykje om sjøarbeidet her. Me er nær dei to store prosjekta som kjem, med Hordfast og Sotralink. Sunde er ei lun hamn, men det blir ikkje berre sjøarbeid. Austpå har me gjort mykje grunnarbeid, og det kjem me til å ønska å gjera på Vestlandet også, seier Slåtta. Førebels er dei tre tilsette på kontoret i Rosendal.

– Dei skal styra denne avdelinga på sjølvstendig basis. Eg er ikkje så mykje her, men bruker kontorfasilitetane når det passar slik. Dette er ein langsiktig prosess for oss. Rosendal har også ein fin klang, og det er mange som reiser forbi, spesielt i sommarhalvåret. Eg kunne gøymt meg vekk på eit kontor i Bergen, og betalt mykje meir for kontorplassen, men her er det eit rimeleg alternativ for oss, forklarer prosjektdirektøren. Sjølv om han er i Oslo rundt halvparten av arbeidsdagane sine, blir det mykje Kvinnherad på han også.

– Eg fiskar mykje laks i elvane i Sunndal og Ænes, og har gjort det i 30 år, forklarer han. Slåtta legg heller ikkje skjul på at han har funne kjærleiken også, og kjærasten han spelar ei stor rolle i både hans tilflytting til Rosendal – og med det Keller si etablering i Kvinnherad. På Sunde skal dei leiga både uteområde, verkstad og hall. I tillegg til vedlikehald og reperasjonar av maskinar, skal det lagrast røyr, pælar og spunt der, opplyser Slåtta.

Publisert: 18.08.2022 10:00 Sist oppdatert: 22.08.2022 11:50

Foto och text: Håvard Sætrevik/Grenda

Published on